Invitasjon til gruppetur for Sandsli speidergruppe 16-17 mars 2013

Vi har bestemt oss for å gjenta suksessen frå i fjor, og dra på tur med heile speidergruppa (beverkoloni, flokk og tropp) til Stordalen fjellstove helga 16.- 17. mars.

Beverane kan ta med seg ein vaksen pr speidar, ellers er det for speidarar og leirarar.

Stordalen fjellstove ligg i Matre, ca 1 ½ times kjøyring frå Bergen. Vi satsar på at vi er mange nok vaksne som kjøyrer, slik at vi får plass til alle i privatbilar.For at vi skal kunne gjera endeleg avtale med fjellstova om kor mange rom vi treng, vil eg gjerne ha foreløpig (ikkje bindane) påmelding til på epost (gruppeleder@sandslispeiderne.no) eller i påmeldingsskjema under så snart som råd, seinast søndag 24. februar.  Eg vil og få vita kven som kan kjøyra, og kor mange det er plass til i bilen.

Det vil kosta 450,- kroner for kvar speidar og vaksen som blir med på turen. All mat, drikke og sengetøy er inkludert. Videre skal ingen ta med seg snop, men alle kan ta med seg 50,- til å kjøpa litt ”digg” for der inne (det er kiosk på fjellstova.).

Bindane påmelding skjer ved betaling av deltakaravgift:
450,- pr speidar må betalast til kontoen vår (3411 33 04113) innan onsdag 6. mars. Merk innbetalinga med speiderens navn og gruppetur 2013.

Oppmøte blir ved Skranesvingen barnehage laurdag morgon klokka 09:00.

Vi kjøyrer i samlet flokk frå barnehagen klokken 09:30.

Når vi kjem til Stordalen, stoppar vi litt før fjellstova, og går ein liten skitur. Vi går eit lite stykke innover, og lagar bål og kosar oss. Alle må derfor ha med ein liten sekk med niste til lunsj laurdag. Gjerne og ein termos med noko varmt, ekstra genser og eit sitteunderlag med seg. Deretter drar vi til fjellstova, sjekkar inn og får middag der.

Laurdag kveld skal troppen stella i stand litt underhaldning/leiker for oss andre. Kvar patrulje får i oppgåve å ha ein aktivitet/underhaldningsinnslag.

Etter ei laaang og god natt søvn er det frokost og ut på tur. Vi smører niste til turen under frokosten, men vi vil og ha med litt kosemat til turen. Ikke så lang, men med innlagt bålbrenning og litt mat.

Sånn midt på dagen (les 1500) pakker vi i bilene igjen og kjører hjemover. Satser på å vera ved barnehagen sånn ca klokken 17:00

Invitasjon med pakkeliste er her

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s