Søndagen under VM vart ei våt og vindfull oppleving, og ein del av Sandslispeidarane måtte avbryta postløypa for å gå til stabsteltet for å tørka og varma seg. Tre av telta våre tålte ikkje den sterke vinden, og vi måtte trå til for å berga utstyret vårt.
Dermed kom me ikkje så høgt opp på resultatlista som me har gjord dei siste to åra, men alle skal ha ros for god innsats under svært vanskeleg forhold.
Alle har lært kor viktig det er å ha godt regntøy og ulltøy på uversdagar.
Eivind