Vonar alle har hatt ein fin sommar, og er klare til å ta fatt med speiding igjen.
Første speidarmøte for dei som var speidarar i vår er tysdag 26. august.
Då blir det overgangsseremoni for dei som flyttar opp i flokken eller troppen.
Beverkolonien og flokken møter ved barnehagen kl 1800. Dette gjeld og dei i flokken som skal opp i troppen.
Troppen møter ved løa.
Tysdag 2. september blir det kick-off møte for nye speidarar som vil begynna hos oss.
Vi har fortsatt for få leiarar i speidargruppa, spesielt i troppen skulle vi hatt med oss fleire vaksne.
Ta kontakt dersom du kan tenka deg å bruka litt tid saman med positiv friluftsintressert ungdom. Tidlegare speidarerfaring er ikkje nødvendig.
Vi treng og ny webansvarleg til nettsida vår. Nettsida er på WordPress-platforma, og skal vera enkel å drifta. Det meste av innhaldet er det speidarar og leiarar som lagar og legg inn direkte, men vi treng ein som kan ha driftsansvar.
Ta kontakt med Eivind om dette er noko du kan ta på deg.