JOTA/JOTI Jamboree on the air / Jamboree on the internet 18. oktober

Det blir litt endringar i programmet for JOTA/JOTI: Det blir ikkje overnatting, Vi avsluttar laurdag kveld kl 2200.

I år skal vi prøva å arrangera JOTA/JOTI på Sandsli, og vi har fått låna lokale på Aurdalslia skole. Det er enno litt uklart om vi får med oss ein radioamatør, men vi har i alle fall ein kortbølgeradio vi kan lytta til JOTA (Jamboree on the air) med.

Det blir og JOTI (Jamboree on the internet), så ta med bærbar PC om du har.
På JOTI kan vi bruka Skype og IRC til å kontakta speidarar i andre delar av verda.
Det blir og ein nordisk Minecraft-konkurranse under JOTI.

Vi vil ha ein aktivitet med PMR-radio (Walkie-talkie), og v kan prøva å ta PMR-merket.

Vi vil og ha ein avdeling med brettspel, så ta med eit kjekt brettspel om du har.
Har du merker du skal ha sydd på leribålskappa di, ta med kappa og merkene, så har vi ein liten merkesypåaktivitet i løpet av dagen.

Oppmøte på Aurdalslia skole laurdag 18. oktober kl 0900.

Vi reknar med å vera ferdige laurdag ca kl 2200.

Program:

  • 0900: oppmøte
  • 0945: Norsk opning av JOTA.
  • 1000-1200: diverse aktivitetar:
    • Lytting på JOTA,
    • JOTI
    • Brettspel
    • PMR-radio
    • Sy merker på leirbålskappa
  • 1200: Lunsj, Brødmat
  • 1300-1700: Diverse aktivitetar.
  • 1700-1800: Middag (pizza)
  • 1800-2030: Diverse aktivitetar
  • 2030-2130: Leirbål
  • 2200: Avslutning.

Ta med (om du har )

  • Hodelykt
  • Berbar PC
  • Brettspel
  • Leirbålskappe
  • Godt humør

Påmelding innan torsdag 16. oktober. Det kostar kr 150,- å bli med. betal dette inn på speidergruppa sin konto 3411 33 04113 ved påmelding.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s