Juleavslutning og opptakingsfest utsett på grunn av uver

Det er meldt full storm tysdag ettermiddag.
Dermed blir opptakingssermoni, bål og grilling ganske vått og utriveleg.
Derfor har vi speidarleiarar bestemt oss for at vi utset juleavslutinga og opptakingssermonien til første møte etter nyttår, mest sannsynleg 13. januar.
Vi har som regel at speidarmøtene går ute, uansett ver, men bål, pølsegrilling og full storm er ein dårleg kombinasjon, og vi trur at alt i alt blir det ei betre oppleving for alle, speidarar, foreldre og søsken om vi har ein hyggleg grillkveld i stabilt vinterver på nyåret.
Det blir juleavsluting for Sandsli speidargruppe tysdag 9. desember.
Då vil dei nye speidarane som byrja i haust gi speidarløftet og bli tatt opp som speidarar.
 
Foreldre og søsken er velkomne. Ta med pølser til å grilla på bålet.
 
Sjå invitasjon her: juleavslutning
Når speidarane er tatt opp som speidarar har dei lov til å bera speidardrakt.
Til glede for nye speidarar med foreldre, har vi ei side med informasjon om speidardrakta
Eivind

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s