Juleavslutninga før jul vart tatt av stormen. I staden arrangerer Sandlispeidarane nyttårs- og opptakingskveld 13. januar.
Då er alle speidarar med søsken og foreldre hjarteleg velkomne til ein kosekveld i akebakken nedanfor Skranehovden. Vi startar klokka seks som vanleg, og er ferdig sånn mellom halv åtte og åtte.
Vi skal tenna opp stort bål (så stort som vi tør). Alle dei nye speidarane vi har fått i haust skal gi speidarløftet, og bli tatt opp som speidarar.
Alle må ta med varme klede etter veret, sitteunderlag, kopp og pølser til å grilla på bålet. Vi ønskjer og at alle speidarane har med ein vedkubbe kvar. Speidergruppa sørgjer for bål, og noko varmt å drikka (saft eller gløgg).
Alle speidarar stiller i speidarskjorte. Dei som har, tar med leirbålskappe, dersom det er ver til det.
Velkommen til nyttårs- og opptakingskveld