Sandsli speidergruppe arrangerer Fanos-manøveren i år.Vi har invitert alle speidargruppene i Fana og Ytrebygda til ein dag med speidarkonkurranse i Kokstadmarka.
Det er eit stor arrangement, vi ventar kanskje 40-50 patruljar og kull, meir enn 200 speidarar. Vi treng derfor all den hjelpa vi kan få av speidarforeldra. Vi treng hjelp til postvakter, til å følga småspeidarane rundt i løypa,og ellers anna praktisk arbeid.
Speidarar i troppen og flokken som vil bli med, melder seg på i skjemaet under. Der ber vi og foreldre som kan hjelpa til om å melda seg. Påmeldingsfrist er 18. april.
Det er oppmøte ved Bilhandel sine tidlegare lokale, Kokstadvegen 54, kl 1000.
Troppen er ferdig ca kl 1600, flokken ca kl 1500.
Vi må stilla med postmannskap (både for flokk og tropp) og voksne som kan følga flokken rundt i løypa, Vi ber derfor om at foreldre som kan hjelpa til, skriv dette på påmeldinga under.
Ta med:
Speiderdrakt,
kniv,
mat/drikke,
sitteunderlag,
turklær etter været, (terrenget kan være veldig vått, så ta på godt fottøy),
skrivesaker.
Kvar patruje (i troppen) skal ha med:
Øks,
Førstehjelpsutstyr (også til øvelse),
kompass, kartmappe
skrivesaker.
Påmelding:
Vi må ha påmelding for speidarar i flokk og tropp seinast 18. april.
Dette er påmeldingsskjema for speidarar i Sandsli speidergruppe.
Speidergrupper må følga denne linken for påmelding:
Bruk skjemaet under:
Har du huska å melda på til Vestlandsmesterskap i speiding,8.-10. mai?