17. mai-fering for Sandslispeidere.

Sandslispeidarane skal som tidlegare år laga flaggborga i 17.mai-toget på Sandsli.

Vi treng alle speidarane som kan til denne oppgåva. Vi har tidlegare hatt litt problem med å få mange nok speidarar, så alle som kan må møta.Oppmøte 17.mai kl 1430 på Sandsli Stadion i speiderskjorte og skjerf.

Vi skal prøva å gjera litt meir ut av toget, og visa at det er speidarar som går.
Troppen har planar om å setja ein kano på tralla vår, og dra denne, gjerne med ein liten speidar i, gjennom toget. Blir vi mange nok, kan vi få til andre ting og.

Vi har og ansvar for å heisa flagget på Aurdalslia skole kl 0800 om morgonen 17. mai
Dei som vil bli med på det, kan møta ved flaggstanga til Aurdalslia litt før kl 0800.

Alle som er med på speidaren sine 17. mai-arrangement, enten i toget eller på flaggheis, får Sandslispeidarane sitt 17. mai-merke, og is på neste speidarmøte.

Då det er fint å vita kor mange som er med i toget når vi planlegg kva vi skal finna på, ber vi om at dei som blir med, melder seg på i skjemaet under.

Eivind

Ja, eg blir med Sandslispeidarane i 17-mai-toget.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s