Suksess for Sandsli i VM-speiding

I helga var det vestlandsmesterskap i speiding på Askøy. Frå Sandsli speidergruppe deltok det to patruljar. Den endelege resultatlista er ikkje klar enno, men det er i alle fall sikkert at begge patruljane kvalifiserte seg til Norgesmesterskapet i speiding.
Dette skal vi feira, og det blir kakefest for alle speidarar på speidermøtet på tysdag.
Då treng vi kaker, og vi ber foreldre om å melda seg som kakebakarar.

Send ein epost til Eivind om du kan laga ei kake til tysdag.
Norgesmesterskapet i speiding går i helga 5.-7. juni, på Hognestad i Time kommune på Jæren.
Vi satsar på at vi stiller med dei to patruljane som deltok på VM til NM, det er i utgangspunktet dei speidarane som deltok i VM som får reisa til NM.
Det er mange detaljar om kring NM vi ikkje har klare enno, f. eks korleis vi reiser, kva det vil kosta for speidarane, og kven av leiarane som blir med, men det kjem vi tilbake til etter kvart.
Vi vil gjerne ha tilbakemelding denne veka om dei speidarane som var med på Askøy i helga kan bli med til NM og.

Legg igjen en kommentar