Fanos-haik 10.-11. september

Det blir Fanoshaik for speidergrupper i Fana og Ytrebygda  helga 10. – 11. september.

Vi skal gå frå Bjørndalen ved Espeland  til Bontveit. Dei som vil ha ein litt lengre tur, kan gå over Austefjellet og Hausdalsborga.

kart

Oppmøte ved parkeringsplassen i Bjørndalen laurdag 10. spetember kl 1100.

Vi reknar med å vera framme ved Bontveit søndag 11. september ca kl 1400.

Overnatting blir i området ved Dyrdalssetra. Det er dårleg med tre til å henga opp presenninger i, så vi har med oss telt. (lavvu).

Turen er for troppen, men vi har bestemt at 5. klasse ikkje blir med på Fanos-turen i år.

Vi har tenkt at patruljane skal bestemma seg for ein middagsmat på laurdag. Dette kan dei som melder seg på diskutera i etterkant av kick-off møtet neste tysdag.

Det vil kosta kr 50 å bli med på turen.

Pakkeliste kjem seinare.

Vi satsar på å koordinera kjøyring til Bjørndalen, og henting på Bontveit. Skriv om du kan kjøyra, og kor mange speidarar det er plass til ved påmelding.

Påmelding til turen SEINAST SØNDAG 4. SEPTEMBER

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s