På flokk- og troppsmøtet 8. november skal vi få ei innføring i stjernehimmlen. Vi skal besøka planetariet på sjøkrigsskolen.
Eit planetarium er ein slags kino, der vi i taket ser eit bilete av stjernehimmelen.
Sjøkrigsskolen ligg på Nygård i Laksevåg. For å koma dit er vi avhengige av at vi får transport. Vi treng foreldre som kan kjøyra oss.
Vi skal vera på planetariet kl 1800, så oppmøte blir ved barnehagen kl 1715 !!
Vi er ferdige på sjøkrigsskolen ca kl 1900, tilbake til barnehagen ca kl 1930
Det er begrensa med plass, så vi må ha påmelding på førehand. Vi må og ha oversikt over kven som kan kjøyre.
Sjåførar kan bli med inn dersom det er plass. Blir det fullt, må dei vaksne venta på gangen, mens speidarane er inne i planetariet.
Meld på i skjemaet under innan fredag 4. november.