Nord2017 – Landsleir i Bodø

Då er det klar for påmelding til landsleiren i Bodø til sommaren. Leiren er dessverre berre for troppen og roverane.

Påmelding skjer til speidergruppa, som igjen melder på til landsleiren.

Vi har satt vår påmeldingsfrist til 25. januar. Dette er fordi fristen for å bestilla flyreise gjennom landsleiren er 1. februar, og vi må ha eit par dagar å gå på.

Påmelding til leiren er bindande etter 1. mars, men påmelding til felles flyreise er bindane etter 1. februar.

Leiren opnar 1. juli og blir avslutta 8. juli. Vi kan koma til å reisa til Bodø inntil eit par dagar før leiren, og heim igjen ein dag eller to seinare. Dette er avhengig av når vi får plass på fly.

Prisar:

Leiren kostar kr 2600,- pr deltakar

Reise ca kr 4000,- t/r med fly frå Flesland.

Det er husstandrabatt på leiravgifta, (nr 3 i ein husstand betalar 50%), men ikkje på reisa.

Det er råd å bli med fellesreise ein veg, dersom det passar med f. eks ferieplanar.

Innbetaling av leiravgifta vil bli ca mars/april, men vi vil at det betalar ei påmeldingsavgift på kr 100 pr person ved påmelding.

Betal inn kr 100 til Sandsli speidergruppe sin konto 3411 33 04113 ved påmelding, seinast 25. januar. Merk innbetalinga med Landsleir og navn på speidar.

Meir informasjon om leiren finn du på www.nord2017.no

Ta kontakt med Eivind om det er spørsmål.

Påmelding i skjemaet under. Hugs å trykka på «Submit»-knappen når du er ferdig. Etter påmelding skal du få ein bekreftelse på epost.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s