På søndag, 29. januar, blir det FanOs sitt vinter-arrangement.
Nytt i år er at det blir eit felles arrangement for både flokk og tropp.
Arrangementet blir i Hordnes-skogen, med oppmøte ved Stend vidaregåande skule.
Troppen møter kl 1100 på parkeringsplassen til Stend vgs.
Flokken møter kl 1200 same stad.
Der skal både flokk og tropp gå ei postløype inn i Hordnesskogen, til ein felles samlingsplass. Der vil det bli bål, og det går å grilla pølser. ( ta med pølser !!!)
Vi skal vera tilbake til Stend vgs seinast kl 1500.
For flokken:
Oppmøte ved Stend vidaregåande skule kl 1200
Ta med:
- Klær etter veret
- Mat for dagen, det blir bål til å grilla pølser
Vi skal vera tilbake på Stend seinast kl 1500.
For troppen
Oppmøte ved Stend vidaregåande skule kl 1100
Ta med:
- Klær etter veret
- Mat for dagen, det blir bål til å grilla pølser
- minst ein fungerande smart-telefon pr patrulje
( dette kan avtalast på speidermøte 24. januar) - Skrivesaker
Vi skal vera tilbake på Stend seinast kl 1500.
Vi vil gjerne vita ca kor ange som kjem så vi vil gjerne ha ei påmelding i skjemaet under, seinast fredag 27. januar: