Fanos-manøver 23. april og VM speiding 5.-6. mai

No er det to helge-arrangement i speidaren i løpet av kort tid. Fanos-manøver og VM i speiding. På grunn av korte påmeldingfristar har vi slått saman informasjonen om desse:

Link til Påmelding for Fanos-manøver (frist 18. april) og VM i speiding (frist 20. april).


23. april: Fanos-manøver, for flokk og tropp.

FanOs-manøveren er ein konkurranse mellom speidargruppene i Fana. I år er det 1. Øvsttun som arrangerer, arrangementet blir på Smøråsfjellet.

Oppmøte: søndag 23. april kl 1000 på parkeringsplassen på Nøttveit.

Avsluting: for flokken ca kl 1500, For troppen ca kl 1600. Det blir premieutdeling rett etter at speidarane er ferdige.

Speidarane i flokken tar med:

  • Mat og drikke for dagen
  • Klær og sko etter veret.
  • Skrivesaker
  • Kniv

Speidarane i troppen tar med:

  • Mat og drikke for dagen
  • Klær og sko etter veret.
  • Skrivesaker
  • Kniv

Kvar patrulje i troppen må ha med :

  • Førstehjelpsutstyr
  • Kartmappe
  • Kompass
  • GPS, (f. eks opplada smart-telefon)

Til Fanos-manøveren treng vi gjerne hjelp frå foreldre:
Vi må stilla med ein postvakt pr patrulje/kull som er påmeldt.I tillegg må flokken ha følge med rundt i løypa.
Meld gjerne frå om du kan stilla opp som hjelp ved påmelding.

På grunn av påsken blir det kort påmeldingsfrist: 18. april.

Link til Invitasjon frå 1. Øvsttun

Påmelding i skjemaet under.



Vestlandsmesterskap i speiding. 5.- 7. mai

Det er snart VM i speiding. Som vanleg er det i Kollevågen på Askøy.

VM er kvalifisering til Norgesmesterskapet i speiding. 

Vi må vita kor mange patruljar vi skal melda på, og vi må derfor ha påmelding frå speidarane innan 20. april.

Bruk påmeldingsskjemaet under.

Oppmøte i Kollevågen er fredag 5. mai kl 1800.
Eg foreslår at vi møter ved barnehagen fredag kl 1700, så organiserer vi transport.
Gi beskjed om de kan køyra til eller frå ved påmelding. Vi treng kanskje og hjelp til henting av utstyr på torsdag.

Arrangementet er ferdig søndag 7. mai kl 1500.

Det er førarpatruljekonkurranse fredag kl 1930.

VM-konkurransen byrjar laurdag kl 0900, men det er tilrådd å koma fredag.

Fullt program med utstyrsliste er her

Påmelding i skjemaet under. Påmeldingsfrist 20. april.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s