Invitasjon til gruppeleir

I helga 1.-3. juni blir det leir for Søreide og Sandsli speidargrupper på Herdla Fort i Askøy kommune. Sidan pinsen kjem kloss i 17. mai, blir det gruppeleir denne helga i staden for pinseleir.

​Programmet vil innehalda:

  • Pionering, bygging av leir-konstruksjonar
  • Kanopadling
  • Besøk ved Herdla museum
  • Orientering
  • Leirbål
  • Diverse aktivtetar som blir avslørt etter kvart.

Troppen reiser til Herdla fredag kveld, frå Sandsli kl 1800
Flokken og beverkolonien kjem til Herdla laurdag kl 1200
Alle er ferdige på Herdla søndag ca kl 1400.
Vi bur sjølvsagt i telt. Speidergruppa har telt til alle.

Beverspeidarane kan ha med seg foreldre/foresette, om de ønskjer dette. Det går sjølvsagt også fint at beverspeidarane reiser utan foreldre, vi tar godt vare på dei.

PRIS: Det vil kosta kr 250 pr speidar å bli med.
Dette dekker all mat, utanom niste til fredag kveld.
Dette kan betalast inn til speidergruppa sin konto (3411 33 04113) ved påmelding.
Merk innbetalinga med gruppeleir Herdla og speidaren sitt navn.
Påmelding: I skjema under  ​SEINAST fredag 25. mai.

Pakkeliste og detaljar om transport kjem seinare, men vi er avhengige av at foreldre hjelper til med transporten til og frå Herdla.

Skriv på på påmeldinga om foreldre kan kjøyra til eller frå leiren.​

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s