Hordaland Krins, Ryvarden Krets og Sogn og Fjordane Krets arrangerer i år kretsleir i Eidfjord frå laurdag 29. juni til laurdag 6. juli, for dei i flokken vil leiren vare frå torsdag 4.juli til laurdag 6.juli. Sandsli Speidergruppe har tradisjon for å vere med på desse kretsleirene og det planlegger vi i år igjen. Kretsleir i år skal heite Att og fram.
Det å vere med på kretsleir er noko Norges Speiderforbund anbefaler alle speidere å gjere iallefall ein gong i livet.
Større speidarleire lar speidarane bli kjent med mange speidarar frå andre grupper. Dei vil få muligheit til å utvikle erfaringar, kunnskap og vennskap på tvers av gruppene. Dei vil også få oppleve meir spenstige aktivitetar enn det vanlegvis er høve til. Heil vegen skal speidarane bu i telt der dei får ansvar for drifta av gruppeleiren. Aktivitetane er ikkje heilt klare enno, men haikerutene er for troppen i år lagt oppe på Hardangervidda.
Påmeldingsskjema nederst.
Prisliste for leiren.
I tillegg kommer pris for reise, vi planlegg å leige buss 29. juni og 6. juli, flokken 4 .juli kjem me tilbake til. Vi ser for oss ein pris på ca 700kr som kjem i tillegg.
Gruppa må melde på alle samla, så internt i Sandsli setter me påmeldingsfrist tysdag 12. mars, så me får tid å organisere dette internt. Me vil snart legge ut påmeldingsskjema med meir informasjon gjennom Spond. Derfor må vi ha påmelding innan 13. mars
Meir deltaljert info vil komme etterhvert som vi har den.
Leiren har eigen nettside, her vil etterkvart meir informasjon og leiravisen bli gjort tilgjengeleg. Foreløpig vil ein hovudsakleg finne informasjonsskriva frå leirkomitéen der. Nettsida er www.kretsleir.no
Leiren har også eigen facebookside.