Oppstart speiding høsten 2022

Sandsli speidergruppe inviterer nye speidere frå 3. klasse og oppover til kick-off-møte tysdag 30. august kl 1800-1930. Der kan barn som har lyst til å byrja i speidaren prøva ulike speidaraktivitetar. Samtidig blir det eit kort informasjonsmøte for foreldre/foresette.

Møt opp ved Skranevegen Barnehage kl 1800. Vi blir ute heile tida, så ta på gode klær etter veret. Det kan vera vått på speiderplassen, så husk gode sko, også til foreldre/foresette.

Vi har møter kvar tysdag kl 1800-1930, og vi er stort ett alltid ute.

For flokken, (3.- og 4.-klasse) vil det bli ein bli-kjent-tur 17.-18. september, med overnatting i lavvu ved Storrinden.

Vi bruker Spond til kommunikasjon med medlemmene. Informasjon til speidarane om møter og turar blir stort sett sendt på Spond.

Korona-pause i speidararbeidet

I lys av bestemmelsene til nasjonale helsemyndigheiter og Bergen kommune må Sandsli Speidergruppe avlyse møter og turer framover. Dette betyr:

Alle turar fram til og med 30. april blir avlyst.

Oppfordrer alle speidere til å følge myndigheitane sine råd om smittevern tiltak i perioden. Men dette lar oss jo framleis gå på tur i skogen om ein settes i karantene og ikkje isolerast. Så speidingen kan fortsette på eigenhand.
Speiderbasen.no gir mange forslag til aktivitetar om ein kjedar seg. Mange merker kan nok også takast i perioden, hugs berre på å ta bilete så tropps-/flokks-/beverleiar kan godkjenne etterpå.
Ein kan også gå på geocaching, sjå geocaching.com for meir informasjon.
Eit anna mulighet til å bedrive speiding er scoutlink.net
Som er nettsida for internasjonal speider kontakt over internett, er mest brukt under JOTA/JOTI, men virker heile året.

Juleavslutning 4. desember

Tysdag 4. desember skal vi i Sandslispeidarane ha juleavslutning med julegrilling, julegløgg, peparkaker og saft. Då er alle speidarar med søsken og foreldre hjarteleg velkomne til ein julekosekveld i akebakken nedanfor Skranehovden. Vi startar klokka seks som vanleg, og er ferdig sånn mellom halv åtte og åtte.

Ta med pølser til grilling, ein vedkubbe til bålet, og kopp. Dette blir det siste speidarmøtet i år.

Alle dei nye speidarane vi har fått i haust skal gi speidarløftet, og bli tatt opp som speidarar.

Bymanøver laurdag 27. oktober, for flokk og tropp.

Laurdag 27. oktober er det bymanøver i Bergen Sentrum.

Det er ein speidarkonkurranse for flokk og tropp, for alle speidarar i Hordaland.
Oppmøte ved bystasjonen kl 0930. Arrangementet er ferdig ca kl 1600 for troppen, kl 1500 for flokken. Vi må stilla med postvakter til løypene, og flokken må ha ein vaksen med seg rundt i løypa, så vi treng hjelp av speiderforeldre til dette. (Besteforeldre o.s.v. er og velkomne). Meld frå om de kan stilla som voksenhjelp ved påmelding. Les videre

JOTA JOTI 2018

19.-21. oktober deltar troppen i Sandsli og Søreide speidergrupper  i JOTA/JOTI med eige arrangement i Sunnfjordheimen på Stamsneset.

Vi startar fredag kl 1930, og avsluttar søndag ca kl 1300.  Det bli overnatting for dei som vil. Natta/kvelden er ofte den beste tida for å få kontakt med f. eks USA og Japan. Vi har med oss fleire radio-amatørar, og får låna nødvendig utstyr.

JOTA – Jamboree On The Air, samler hvert år nesten en halv million speidere over hele verden. Speiderne snakker sammen over radiosendere på kortbølgenettet. Det kreves en egen autorisasjon for å kunne bruke en slik radio. Speidergruppene samarbeider derfor med en radioamatør. Sandsli speidergruppe har eige kallesignal på radio: LA1SSG

JOTI – Jamboree On The Internet, handler om å kommunisere over internett. Vi benytter ulik teknologi som sosiale medier, radio, webcam, TV-sendinger. http://www.jotajoti.no

Les videre

Kretsleir 2019

Til sommaren er det kretsleir for speidarar i Hordland Krins.
Leiren vert i Øvre Eidfjord 29. juni til 6. juli for troppen. Småspeidarane i flokken kan vera med dei tre siste dagane av leiren.

Leiren ønskjer ein oversikt over kor mange som har tenkt å bli med. Vi vil derfor ha ein førhandspåmelding til leiren. Denne er ikkje bindane. Endeleg påmelding er til våren.
Det vil også vera mogleg å melda seg på til våren sjølv om du ikkje er førehandspåmeldt.

Frist for førehandspåmelding er sett til 15. november.
Bruk linken under:
https://goo.gl/forms/TbdMjO1fL3ztNTIX2

Informasjonsskriv nr 1 frå leirkomiteen: