Oppstart speiding høsten 2022

Sandsli speidergruppe inviterer nye speidere frå 3. klasse og oppover til kick-off-møte tysdag 30. august kl 1800-1930. Der kan barn som har lyst til å byrja i speidaren prøva ulike speidaraktivitetar. Samtidig blir det eit kort informasjonsmøte for foreldre/foresette.

Møt opp ved Skranevegen Barnehage kl 1800. Vi blir ute heile tida, så ta på gode klær etter veret. Det kan vera vått på speiderplassen, så husk gode sko, også til foreldre/foresette.

Vi har møter kvar tysdag kl 1800-1930, og vi er stort ett alltid ute.

For flokken, (3.- og 4.-klasse) vil det bli ein bli-kjent-tur 17.-18. september, med overnatting i lavvu ved Storrinden.

Vi bruker Spond til kommunikasjon med medlemmene. Informasjon til speidarane om møter og turar blir stort sett sendt på Spond.

Oppstart våren 2021

Da har de første to møtene for 2021 vært og vi har hatt et digitalt møte og et vanlig fysisk møte. Covid-19 pandemien gjør fortsatt speiderarbeidet noe utfordrende, men vi klarer fortsatt å ha gode møte i tropp og flokk/beverkoloni.
For troppen blir årets store øyeblikk landsleiren Agenda veldig amputert, men vi skal ordne med vår desentraliserte leir i tidsrommet 24. -31. juli. Sted og kommer vi tilbake til senere. Les videre

Korona-pause i speidararbeidet

I lys av bestemmelsene til nasjonale helsemyndigheiter og Bergen kommune må Sandsli Speidergruppe avlyse møter og turer framover. Dette betyr:

Alle turar fram til og med 30. april blir avlyst.

Oppfordrer alle speidere til å følge myndigheitane sine råd om smittevern tiltak i perioden. Men dette lar oss jo framleis gå på tur i skogen om ein settes i karantene og ikkje isolerast. Så speidingen kan fortsette på eigenhand.
Speiderbasen.no gir mange forslag til aktivitetar om ein kjedar seg. Mange merker kan nok også takast i perioden, hugs berre på å ta bilete så tropps-/flokks-/beverleiar kan godkjenne etterpå.
Ein kan også gå på geocaching, sjå geocaching.com for meir informasjon.
Eit anna mulighet til å bedrive speiding er scoutlink.net
Som er nettsida for internasjonal speider kontakt over internett, er mest brukt under JOTA/JOTI, men virker heile året.

Påmelding kretsleir i Eidfjord sommaren 2019.

Hordaland Krins, Ryvarden Krets og Sogn og Fjordane Krets arrangerer i år kretsleir i Eidfjord frå laurdag 29. juni til laurdag 6. juli, for dei i flokken vil leiren vare frå torsdag 4.juli til laurdag 6.juli. Sandsli Speidergruppe har tradisjon for å vere med på desse kretsleirene og det planlegger vi i år igjen. Kretsleir i år skal heite Att og fram.

Les videre

Juleavslutning 4. desember

Tysdag 4. desember skal vi i Sandslispeidarane ha juleavslutning med julegrilling, julegløgg, peparkaker og saft. Då er alle speidarar med søsken og foreldre hjarteleg velkomne til ein julekosekveld i akebakken nedanfor Skranehovden. Vi startar klokka seks som vanleg, og er ferdig sånn mellom halv åtte og åtte.

Ta med pølser til grilling, ein vedkubbe til bålet, og kopp. Dette blir det siste speidarmøtet i år.

Alle dei nye speidarane vi har fått i haust skal gi speidarløftet, og bli tatt opp som speidarar.